Lillestrøm
Are Kalvø "Hyttebok frå helvete"

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen. Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar.

2019-03-27T18:00:00.0000000Z 2019-03-27T18:00:00.0000000Z

Sted: Lillestrøm Kultursenter - Vis kart

Tidspunkt: 2019-03-27T18:00:00.0000000Z 2019-03-27T20:30:00.0000000Z

2019-03-27T18:00:00.0000000Z 2019-03-27T18:00:00.0000000Z
 

Are Kalvø "Hyttebok frå helvete"

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen. Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar.

Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar.

Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake.

Dette har aldri vore eit problem.

Før no.


For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen.

Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er.


Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell.


For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine.

Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.


Resultatet blei «Hyttebok frå helvete», ei svært morsom og litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen.

Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere.


Det blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull.

Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som liker fjell betre enn folk.


 Etterpå kan du snakke med Kalvø, seie bortimot kva du vil til han, og kjøpe signerte bøker.



Arrangør: Lillestrøm Kultursenter


Billetter kr 410,- / medlem kr 380,- / student kr 320,- / grupper over 10 personer kr 380,- / showmeny kr 750,-

Showmeny består av billett til showet, samt to-retters meny i Scene 5 før forestillingen.


Kan dessverre ikke kjøpes på web, da bord må reserveres.



Se også 

Eg ser at du er mor 

Oppdatert: 2019-03-27T08:43:22.0000000Z

  • #kultur
  • #annet
HVA SKJER Vis mer
Sommerles 1. juni - 31. august

fra 2019-06-01T10:00:00.0000000Z- 2019-08-31T10:00:00.0000000Z

Sommerles 1. juni - 31. august på Skedsmo ...

Les mer

Åpning av levende torg 2019

fra 2019-06-29T11:30:42.0000000Z- 2019-09-15T13:00:18.0000000Z

Velkommen til Stortorget i Lillestrøm ...

Les mer

Stein Stokke & The Engine @Skedsmo Bluesklubb

fra 2019-07-27T13:00:00.0000000Z- 2019-07-27T15:00:00.0000000Z

Gledelig gjensyn med en av våre lokale ...

Les mer

Trubadur Doffe // Kulturpuben Lillestrøm

fra 2019-07-27T17:00:00.0000000Z- 2019-07-27T20:00:00.0000000Z

Så tar trubadur Doffe tar turen til Kulturpuben ...

Les mer

Deltaphonics @Skedsmo Bluesklubb

fra 2019-08-03T13:00:00.0000000Z- 2019-08-03T15:00:00.0000000Z

Deltaphonics kommer fra Moss og Kløfta.

Les mer

Aktivitetscamp 2019

fra 2019-08-05T06:00:00.0000000Z- 2019-08-08T14:00:00.0000000Z

Velkommen til aktivitetscamp med norgesmestere ...

Les mer