Lillestrøm
Edvard og Ine Hoem besøker Lillestrøm

Edvard Hoem har gjennom ei årrekke vore ein av dei mest produktive forfattarane i Noreg, og har dei siste åra gjort stor suksess med serien om oldefaren sin, slåttekaren Knut Hansen Nesje, og etterkomarane hans.

2020-02-12T18:00:00.0000000Z 2020-02-12T18:00:00.0000000Z

Sted: Samfundet Lillestrøm - Vis kart

Tidspunkt: 2020-02-12T18:00:00.0000000Z 2020-02-12T19:30:00.0000000Z

2020-02-12T18:00:00.0000000Z 2020-02-12T18:00:00.0000000Z

Edvard og Ine Hoem besøker Lillestrøm

Edvard Hoem har gjennom ei årrekke vore ein av dei mest produktive forfattarane i Noreg, og har dei siste åra gjort stor suksess med serien om oldefaren sin, slåttekaren Knut Hansen Nesje, og etterkomarane hans.

På meisterleg vis skildrar han livet ved den norske fjorden, og draumen om Amerika i bøkene sine "Slåttekar i himmelen" (2014), "Bror din på prærien" (2015), "Land ingen har sett" (2016) og "Liv andre har levd" (2017). I 2019 vann han Brageprisen sin heiderspris for forfattarskapen sin.


No besøker han Lillestrøm for å snakke om og lese frå utvandrarbøkene sine, og om "Jordmor på jorda" som vart utgitt i 2018. I "Jordmor på jorda" møter vi forfattaren si tippoldemor, Marta Kristine Nesje, som i 1821 gjekk frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor.


Med seg til Samfundet har han dottera si, Ine Hoem, som vil opptre med både eigne og Edvard sine songar. Ine er uteksaminert frå jazzlinja ved NTNU, var nominert til Spellemannpris i 2010 saman med bandet Pelbo, og turnerte saman med Veronica Maggio etter å ha utgitt albumet "Moonbird" i 2017.


Vi gler oss stort til å ta i mot Ine og Edvard Hoem i Lillestrøm!


Dørene opnar kl. 18:30.

Inngang: 200 kr.

Betal med kontantar eller Vipps i døra.


Servering: kaffi, te og sveler.


Medarrangør: Foreningen Norden Skedsmo




SJEKK UT KULTURKAFE MED HEGE TUNAAL PÅ LILLESTRØM KULTURSENTER:


https://lillestromlivet.no/content/kulturkaf-hege-tunaal-lillestrom-kultursenter


Oppdatert: 2020-02-03T13:16:23.0000000Z

  • #annet
  • #kultur
HVA SKJER Vis mer

fra 2020-03-13T11:00:00.0000000Z- 2020-04-13T21:45:33.0000000Z

Les mer

Tommy Tokyo / Releasekonsert.

fra 2020-04-03T20:00:00.0000000Z- 2020-04-02T22:00:00.0000000Z

Tommy Tokyo - Releasekonsert - "The Remaining ...

Les mer

James Bond: No Time To Die på ODEON

fra 2020-04-03T16:00:00.0000000Z- 2020-04-03T21:45:00.0000000Z

James Bond har forlatt aktiv tjeneste ...

Les mer

Påskemarked Min Skattekiste 4 og 5 april, ...

fra 2020-04-04T09:00:00.0000000Z- 2020-04-05T15:00:00.0000000Z

Palmehelgen 4 og 5 april arrangerer vi ...

Les mer

Barnas teaterlørdag: Passe hatt

fra 2020-04-04T11:00:00.0000000Z- 2020-04-04T12:00:00.0000000Z

«Passe Hatt» handler om figurene Baldrian ...

Les mer

Siana & Ben’s Musiclife på Gulating

fra 2020-04-04T19:30:00.0000000Z- 2020-04-04T23:30:00.0000000Z

Nå har Siana og Ben slått seg sammen på ...

Les mer